Skalde-Brage

Grupper

Alt  (103)
Balladar  (5)
Salmar  (9)

Haugtussa 3

Heime. Kvelding

HAUGTUSSA
Serie:Haugtussa
Første verselinje:Snøen fell / i graae Kveld
Forfattar:Arne Garborg
Def. årstal:≈ 1900
Datering:1895
Kvelding.
1.
Snøen fell
i graae Kveld
stilt or mjuke Lufti.
Stilt og tett,
lint og lett;
legg som Dunseng mjuk og slett
dunkvit yvi Tufti.
2.
Veslemøy
vondlar Høy
i den myrke Løda.
Nisselaatt
kvìsar smaatt;
Tuftekall seg likar godt,
naar Buskap fær si Føda.
3.
Gamall Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid;
og helst han Fjose vaktar.
4.
Difor >ograve;g
veit han fjaag
kva han hev i Vente.
Graae-Kropp,
Raude-Topp
kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp
fær av snilde Gjente.
5.
Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Side 8 Gjerne ho
stullar so:
alltid var ho dyregod
og aldri for Nissen fæler.
6.
Varme Brunn
til tyrste Munn
hit fraa Eldshus ber ho.
Fær so snøgt
Ljos i Lykt,
mjølkar Kui lognt og trygt;
og breddfull Bytta fær ho.
7.
Stelt og god
Kui so
roar seg til Nattenn>apos;.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.